Vulkanar i Italia

Kart over vulkanar i Italia

Italia er eit vulkansk aktivt land med den einaste aktive vulkanen på det europeiske fastlandet. Denne vulkanske aktiviteten kjem hovudsakleg av at grensa mellom den eurasiatiske plata og den afrikanske plata ligg like sør for landet. Magma som bryt ut frå vulkanane i Italia meiner ein kjem frå ei oppoverretta kraft av stein som er smelta ved subduksjon av ei plate under den andre.

Ein har tre hovudgrupper med vulkansk aktivitet i Italia. Ei linje med vulkanar går nordvestover langs dei sentrale delane av det italienske fastlandet (sjå den campanianske vulkanbogen), ei gruppe nordaust for Sicilia og ei anna gruppe rundt øya Pantelleria i Middelhavet.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search